Dei beste lærarane mine snakka aldri om karakterar. OECD burde lytte til dei.
dei dyktigaste lærarane er meir fleksible i undervisninga og opptekne av eleven sitt behov. Dei brukar mindre tid på detaljerte planer, og skapar miljø der det er lov å prøve og feile. Sjølv konservative britar har tatt eit oppgjer med tjue års detaljstyring, og vil ha meir sjølvstendige lærarar.
For å oppnå resultat treng ein heilt andre slags mål. Det nyttar ikkje å bestemme seg for å bli nummer 1 i serien eller få 6 på eksamen, dersom du ikkje anar korleis du skal kome dit.
For det andre underviste dei beste lærarane så klart at alle forsto, men så engasjerande at ingen kunne slappe av.
TREDJE fellestrekket er grunnen til at eg trur OECDs råd er feil: Dei beste lærarane mine snakka aldri om karakterar, eller kva andre venta av oss.
Tvert imot. Dei var overberande med planer og pensum, og mest opptekne av å få oss til å tenkje sjølvstendig, kritisk, kreativt og klokt.